Trollstigen opna for trafikk i dag – håpar på rekordbesøk i 2026
Klokka 12 måndag blei Trollstigen opna for trafikk. Aldri før har den populære turiststaden opna så tidleg.
– Det er jo litt stas å vere her når bommen går opp. Om eg er først eller nummer to spelar ikkje så veldig stor rolle. Men det er litt stas å vere først.
Motorsyklisten Johannes Stokke frå Eidnes i Sula var på plass ein time før bommen på Trollstigen opna. Det er ikkje første gong det skjer. Han har gjort det til ein tradisjon å vere ein av dei første i køen.
Og Trollstigen betyr mykje for Johannes Stokke.
– Eg er veldig fascinert av Trollstigen. Eg har alltid syntest det har vore spektakulært å køyre her. Så eg køyrer mange turar over Trollstigen om sommaren.
Starten på sommarsesongen
For det lokale reiselivet er dette ein stor dag. Styreleiar i Rauma Reiseliv, Kristine Rønning opna bommen
Opninga av Trollstigen er noko ein merkar godt lokalt. Dette er startskotet for sommarsesongen. seier styreleiaren i Rauma Reiseliv, Kristine Rønning.
– Det er jo veldig artig. Men ein gong Trollstigen opnar så ringer telefonen og folk kjem. Ein merkar på energien at no har sommarsesongen starta.
Har jobba på spreng
Brøytemannskapa har jobba på spreng for å gjere vegen over Trollstigen klar for trafikk. Det store spenningsmomentet har vore vêret.
Men det har vore ein vinter der vêrgudane stort sett har vore på brøytemannskapa si side.
– Vinteren har vore snill med oss i år. Før påske var det nesten heilt bart på vegen. Utfordringa har vore den snøen som kom i påska, seier byggjeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
No i helga var det igjen varsla snø. Og snøen kom. Det la seg 30–40 centimeter på toppen av Trollstigen. Brøytemannskapa måtte i aksjon igjen.
Men no er det klart for rekordtidleg opning av turistikonet. Den tidlegare rekorden var 8. mai.
Det er vanlegvis stor pågang og lange køar når Trollstigen opnar for våren. Turistane vil gjerne sikre seg ein plass i køen under opninga. Spenningsmomentet har vore om det kjem like mange med rekordtidleg opning i år.
Spektakulært
Men utover våren og sommaren er det venta stor tilstrøyming av norske og utanlandske turistar som vil oppleve den spektakulære staden. For Trollstigen er svært populær.
– Det er fjell og svingane som er verdskjende. Det har vore mykje reklame om Noreg og noregsferie, det er spektakulært der. Det er ein fantastisk stad, sa Vikhagen i førre veke.
Ordføraren i Rauma kommune, Yvonne Wold (SV) har sagt at ho håpar på nye besøksrekord med rekordtidleg opning.
– Vi gler oss over tidleg opning og håper vi det gir gode moglegheiter til aktivitet tidleg og seint.
Stengd veg på grunn av ras
Dei siste åra har ras og rasfare vore ein stor utfordring i Trollstigen. Steinar som har rasa ut har ført til at vegen har vore jamleg stengd.
I 2024 blei vegen stengd i eit heilt år etter at ein bil blei råka av ein steinblokk. Det skjedde berre ti dagar etter at vegen hadde blitt opna.
Omfattande sikringsarbeid gjorde det mogleg å opne vegen igjen. Men meir varige tiltak i Trollstigen vil krevje bompengar.
– Bruk vinterdekk
Men no er det snøen som er utfordringa. Og sjølv om vegen er opna for trafikk kan køyreforholda bli krevjande.
– Det er bar veg no. Men det skiftar fort, og platået ligg 800 meter over havet. Så ein bør ha vinterdekk. Og inn mot helga er det meld snø så vi får sjå kor lenge vi kan halde vegen ope. Kjem det snø blir det dårleg sikt og då kan det hende at vi må stengje igjen.