Turøy-ulykka: Ivar klarerte heli­kopteret som styrta

Raymond Lidal – Journalist, Charlotte Haarvik Sanden – Journalist, Preben Nedreberg Holmøy – Journalist/fotograf

Ivar Løbrot ser helikopteret ta av.

Flyteknikaren og skiftleiaren har gjort jobben sin og klarert det for takeoff. No flyg det raude, kvite og blå helikopteret mot Nordsjøen.

Nokre timar seinare ligg det i fjæresteinane utanfor Bergen. Når alle får summa seg, forstår dei at dette er Noregs nest verste helikopterulykke. 13 menneske døyr.

Kvifor er Ivar så uroleg?

Tryggleiken i lufta

I 2016 er han flyteknikar i CHC, eit helikopterselskap som flyg menneske til og frå plattformene i Nordsjøen.

Over 60.000 arbeidarar er avhengige av helikopterskyss fram og tilbake til jobb.

Men høgt oppe i lufta er vi menneske sårbare viss noko ikkje er som det skal. Det er tusenvis av meter rett ned, og helikopter er tunge og energikrevjande å flytte på.

Kanskje lurer du på kva som må til for at helikopter- og flyreiser er såpass trygge som dei faktisk er?

Svaret er sånne som Ivar.

Han har jobba som flyteknikar i over 35 år, og i yrket sitt har han eitt enkelt mål: Sørge for at helikoptera er feilfrie og trygge å fly med.

Og sånne som Ivar har lange sjekklister. Luftfarta har rett og slett «dilla» på sjekklister, fordi det er ein bransje som ikkje har råd til feil.

Ivar går over alle deksel, sjekkar olje- og trykknivå, kjenner etter om noko er laust, og tar drivstoffprøvar.

Og flyteknikarane jobbar saman.

– Det er alltid to stykke. Den eine gjer den fysiske jobben, den andre kontrollerer og verifiserer.

Lurer dei på noko, har dei store bokverk å slå opp i.

Men denne morgonen hadde han ingenting å utsetje på helikopteret. Slik Ivar såg det, var alt fint.

Ivar ventar – og ventar

Klokka er snart 12.00.

«Alt ok.»

Det er det Ivar høyrer frå pilotane om bord i helikopteret han hadde ansvaret for den same morgonen.

No er det på veg tilbake til han, til heliporten på Flesland. Dei to som flyg helikopteret, er gode kollegaer av Ivar.

Men så:

– Så får eg ei telefonoppringing frå Avinor.

Avinor har fått eit nødsignal. Rutinen er at Ivar og dei andre møter opp på oppstillingsområdet, i beredskapsmodus.

Men dette er ikkje heilt uvanleg. Det er umogleg for Ivar å vite kva type naudsignal det er, eller kor dramatisk det kan vere. Saman med dei andre stiller han seg opp, klar til å hjelpe.

Så ventar dei. Ivar ser klokka passere tolv, så fem minutt over tolv.

Kor er helikopteret hans?

– Vi høyrer ingenting. Vi begynner å kikke ut. Vi ser mot nord, der det skulle komme frå.

Ivar får ei dårleg kjensle og tenker «det skulle jo ha vore her».

Styrten

Helikopteret glir innover land berre nokre minutt før, litt lenger vest. Det er her havet og dei vestlegaste øyene i Hordaland møtest.

Så kjem lydane.

Først er det ingen som høyrer dei. Det er som små ujamnheiter djupt inni girboksen, rett under rotoren. Så forplantar det seg, og lydane blir større, høyrbare for alle.

Augevitne seier det er som harde smell. Så kikkar dei opp, og ser noko heilt utenkeleg.

Det enorme helikopteret har ikkje rotor.

Synet er ikkje til å tru for alle dei som bur her ute. Dei er vande med helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen, mange gonger dagleg.

Men dei kan berre stå og sjå på. Helikopterkroppen søkk mot bakken i høg fart, i ein svak boge. Rotoren seglar av garde i ei heilt anna retning.

No er det ingen lydar å høyre i nokre få sekund.

Uroa

Ivar Løbrot er på venterommet saman med kollegaene. Når dei ikkje ser noko til helikopteret dei nettopp venta på, drar dei opp mobilane sine og opnar appen Flightradar24.

Streken frå plattforma stoppar plutseleg, rett før innflyginga til Flesland. Ei uro breier seg i kroppen til Ivar.

«Dette er vårt helikopter», tenker han.

Kjenner du den følelsen? Når du er redd for å ha gjort ein stor feil, noko som får konsekvensar langt utover deg sjølv.

Dette kjenner Ivar på no. Skikkeleg.

For nokre dagar sidan måtte kritiske delar på helikopteret reparerast. Men Ivar har gått over, og alt skal vere i orden. Han klarerte helikopteret igjen i dag tidleg.

Men han blir usikker.

– Tankane svirrar rundt: «Oi, eg jobba på den maskinen. Kva har eg gjort gale?»

Katastrofen

Eksplosjonen har ei veldig kraft. Den tjukke, grå røyken stig opp, og heile holmen står i brann.

Helikopterkroppen sklir ut i vatnet.

Den første redningsdykkaren som ein dryg time seinare kjem tett inntil skroget, ser at det er fullstendig øydelagt.

«Det er ikkje eit helikopter, dette», melder han over radiosambandet.

Alle tretten om bord døyr med det same – ni minutt unna Flesland.

Det store spørsmålet

Korleis kunne noko ille skje? Det er den nest største helikopterulykka i noregshistoria.
Redningsarbeidet tar mange timar, og så dagar.

Kortesjen med tretten svarte bårebilar rullar sakte gjennom Bergen. Alle pårørande får ei grav å gå til.

Politiet og Havarikommisjonen leitar og undersøker så godt dei kan i månader og år.

Ivar Løbrot er med på arbeidet. Han er ekspert på denne helikoptertypen.

Først leitar han etter delar i lyngen ute ved Turøy. Han tar bilde, noterer flittig og registrerer alt han ser.

– Så får eg auge på rotorhovudet som ligg i lyngen, 400–500 meter frå sjølve helikopteret.

Rotoren svevde vidare for seg sjølv etter at han losna frå helikopteret. Eit augevitne fanga det på film, og i TV-sendingane blir klippet vist igjen og igjen.

Ivar er også med når Havarikommisjonen inviterer journalistar til Haakonsvern i Bergen. Her er alle bitane av totalvraket lagt ut, som eit umogleg puslespel.

Dette hjelper Ivar. Jo meir han lærer om ulykka, jo tryggare blir han på at han ikkje har gjort noko feil.

Men i mellomtida lanserer Airbus, selskapet som produserte helikopteret, ein teori. Dei trur at feilen ligg utanfor girboksen. Viss det stemmer, er det dårleg nytt for Ivar.

– Og då begynte ein å bli litt engsteleg igjen.

Der Airbus meiner ulykka oppstod, hadde Ivar sjekka. Kunne han ha oversett noko likevel?

– Det var ei belastning, fortel han.

Airbus skriv til NRK at dei beklagar måten dei kommuniserte dette på. Les heile svaret frå Airbus nedst i saka.

Fleire i selskapet til Ivar Løbrot slit etter ulykka.

– Du søv ikkje, du et lite. Du blir utmatta. Du vegrar deg for å komme på jobb.

Fasiten

Så kjem dagen, over to år etter ulykka.

Havarikommisjonen konkluderer slik:

Inni girboksen er det eit tannhjul. Ein sprekk i dette tannhjulet veks seg større og større, over lang tid, og til slutt knekk det.

Utan tannhjulet låser alt seg, og kreftene i rotoren slit seg sjølv av resten av helikopteret.

Dette er fælt, men også godt for Ivar Løbrot å høyre. No har han ein endeleg fasit på at han ikkje har gjort noko feil.

Ivar Løbrot har pleidd å reise ut til Turøy, der det no finst eit minnesmerke for dei som omkom.

Det er ein køyretur med masse svingar ut mot kysten. Så dukkar den vesle holmen opp, der helikopteret styrta.

Ute i det forblåste landskapet deler han og kollegaer tid saman.

– Samtidig dukkar det alltid opp litt morosame historier om kollegaene våre.

Dei han sa «god tur!» til nokre timar før ulykka.

– Eg synest det er ei veldig fin greie å vere der. Så dreg vi på kaffi, og så har vi hatt ein fin dag, eigentleg.

Etterspelet etter Turøy-ulykka

  • I 2018 kjem Havarikommisjonen med sine konklusjonar.
  • Avdelingsdirektør Kåre Halvorsen uttalte dette: – Vi har funne ut at eit utmattingsbrot var direkte årsak til ulykka. Eit overflatesår på innsida av giret som var heilt usynleg, fekk utvikle seg.
  • Havarikommisjonen tilrår helikopterprodusenten Airbus å byte design på girboksen. Ingen helikopter blir i dag produsert slik som ulykkeshelikopteret.
  • Som følge av Havarikommisjonen sin rapport blir pilotane og helikopteroperatøren heilt frikjende frå skuld.
  • Politiet og stadsadvokaten legg vekk saka hausten 2018. Dei konkluderer med «intet straffbart forhold bevist».
  • I 2021 inngår Airbus eit forlik med dei pårørande etter ulykka. Alle familiane fekk ein hemmeleg sum.

Airbus svarer om Turøy-ulykka ti år etter

Laurence Petiard, leiar for ekstern kommunikasjon, svarer på vegner av Airbus.

– Korleis ser Airbus på Turøy-ulykka ti år etter?

– Ulykka påverka oss alle i Airbus Helicopters, og me sender nok ein gong vår djupaste medkjensle til familiane, dei pårørande, og kollegaene til ofra. Me har sett i verk omfattande tiltak for å auke tryggleiken, utover gjeldande regelverk, for å sikre at ein slik tragedie aldri igjen skjer. Tryggleik er den høgaste prioriteten vår.

– Korleis ser Airbus på det faktum at sidan denne ulykka har det ikkje vore offshore-flygingar med Airbus-maskinar til norske installasjonar i Nordsjøen?

– Valet av helikopter som opererer offshore kor som helst i verda, er kunden sitt val, noko me naturlegvis respekterer. Sjølv om det ikkje er slik i Noreg, er det 20 H175-helikopter som flyg offshore i Nordsjøen, og det er 90 Airbus-helikopter som flyr andre oppdrag i Noreg.

– Ein av personane me intervjuar, ein teknikar hos CHC, har sagt at det var ein byrde å høyre Airbus' første evalueringar av kva som gjekk gale. Har Airbus eit svar til det?

– H225-ulykka var ein tragedie og påverka alle i Airbus Helicopters djupt. Me veit at det ofte er fleire årsaker til dødsulykker, og i vårt forsøk på å forstå kva som skjedde, burde vi ikkje ha kommunisert så raskt. Vi beklagar innverknaden kommunikasjonen vår hadde på samfunnet. Vi har sett i verk omfattande tiltak og designa ein forbetra girkasse. Vi har også sett i verk ytterlegare tryggleikstiltak i produksjonsprosessane våre og i korleis vi transporterer girkassane våre, for å sikre at ein slik tragedie aldri skjer igjen.