På eit skjult butikklager i Bergen ligg isbjørnskinn for millionar
Isbjørnjakt er totalforbode i Noreg, men importerte isbjørnskinn er det lov å selja. I ein lukka del av suvenirbutikken fann NRK ein millionhandel få kjenner til.
I suvenirbutikken på Bryggen i Bergen handlar turistane luer og troll. Men i eit separat rom i nærleiken av butikken, endrar utvalet seg radikalt.
Isbjørnen har vore totalfreda i Noreg sidan 1973, og arten har status som sårbar. Likevel tillèt norsk lov kjøp og sal av skinn importert frå utlandet.
I nærleiken av butikken, skjult for vanlege kundar, ligg det eigaren omtalar som eit av verdas største private lager av isbjørnskinn med utstoppa hovud.
– Eg likar ikkje å visa dette fram. Det er litt for vulgært for meinigmann. Eg kallar dei kaffifolk, dei som ikkje er vande til å sjå slikt, seier butikkinnehavar Kjetil Sørensen.
Eit nesten tre meter langt isbjørnskinn ligg utslått over eit bord framfor han. Sørensen anslår verdien berre i dette rommet til fleire millionar kroner.
– Det er litt «touchy», dette her, vedgår den mangeårige kjøpmannen, som fortel at det skjulte rommet handlar om tryggleik og eksklusivitet.
Press mot handel av isbjørnskinn
Isbjørnane hos Sørensen kjem frå Canada. Dette er i dag det einaste landet i verda som tillèt eksport av nyskotne isbjørnskinn. Sjølv garanterer kanadiske styresmakter at jakta er berekraftig.
I ein rapport frå 2020, bestilt av Miljødirektoratet, konkluderte Vitenskapskomiteen for mat og miljø med noko anna: Bestandsnedgang og datamangel gjer det usikkert om den kanadiske jakta faktisk er berekraftig.
Likevel vel norske myndigheiter å tillata importen. Dei har lit til kanadiske myndigheiter, sjølv om deira eige fagorgan er skeptiske.
I mange år var Noreg det landet i verda som importerte nest flest isbjørnskinn, berre slått av Kina, som importerte desidert flest.
No kjem presset på endring frå fleire kantar.
Skjult kamera i butikk på Bryggen
I den internasjonale dokumentarfilmen Trade Secret, som har mottatt fleire prisar, er bodskapen at internasjonal handel med isbjørn må ta slutt.
Dokumentaren kritiserer Noreg for to gongar å ha stemt mot eit forbod mot internasjonal handel.
I filmen blir det også sådd tvil om at alt salet av skinn frå butikken til Sørensen er lovleg.
Butikken på Bryggen fekk i 2022 besøk av ein dyrevernsaktivist som gav ut seg for å vera ein kjøpevillig kinesisk turist.
Med skjult kamera filma aktivisten ein telefonsamtale med ei tilsett i butikken. Dette opptaket er ein sentral del av dokumentaren.
Derfor viser NRK bilete frå dokumentaren «Trade Secret»
NRK har valt å publisere bilete og visa til utsagn frå dokumentarfilmen Trade Secret fordi filmen inneheld opplysningar av vesentleg samfunnsmessig betydning. Opptaket, som er gjort med skjult kamera, belyser kritiske spørsmål ved kontrollen av handel med ein sårbar art, og korleis internasjonale regelverk vert praktiserte i Noreg.
Dokumentaren vert synt fram for eit norsk publikum og har vekt internasjonal debatt. NRK meiner det ligg ein sjølvstendig nyheitsverdi i å dekke og ettergå dei konkrete funna som vert lagt fram om norsk isbjørnhandel.
Eigaren og den tilsette i butikken fekk ikkje høve til å svare for seg i sjølve dokumentaren. For NRK er det eit ufravikeleg krav at dei involverte partane får reell moglegheit til samtidig imøtegåing. NRK har difor innhenta tilsvar frå butikkeigaren og medarbeidaren på skuldingane som kjem fram i opptaket.
NRK gjer det tydeleg for publikum at opptaket er fleire år gamalt og at NRK ikkje har grunnlag for å hevda at butikkeigaren eller den tilsette har gjort noko ulovleg.
I opptaket seier den tilsette at nokre av bjørnane er jakta ulovleg, og at kundar kan kjøpa skinna, leggja dei i bilen og berre køyra av garde, slik at det ikkje blir noko problem med import og eksport.
– Eg reagerer på bruken av skjult kamera og ulovleg filming, seier butikkeigaren til NRK.
Både Kjetil Sørensen og den tilsette avviser påstandane i filmen. Den tilsette meiner samtalen er teken ut av kontekst og feil omsett. Snakket om skinn «utan papir» som kundar kunne ta rett i bilen, gjaldt ifølgje henne eit par gamle, lovlege isbjørnskinn selde til norske hyttekundar. Sørensen støttar forklaringa, og meiner filmskaparane bevisst gjer han til syndebukk.
Filmskapar Abraham Joffe avviser at opptaket er feil omsett, og skriv i ein e-post at det er gjort uavhengige verifiseringar av omsetjingar i filmen.
– Filmen presenterer opptak av hendingar og samtalar slik dei vart dokumenterte under undersøkinga.
I dag har ikkje norske myndigheiter nokon god mogelegheit til å ettergå skuldingar om ulovlege skinn fordi dei ikkje sporar dei enkelte skinna.
Bytta ut merkelappar med sine eigne
Sørensen opplyser at han sjølv har fjerna dei kanadiske merka for å gi inntrykk av at rovdyra stamma frå Svalbard.
Målet var å overtyda kjøpesterke kinesiske kundar til å handla.
– Eg tok av nokre av merkelappane og prøvde å gøyma dei under skinna, sånn at heller våre eigne lappar viste. Eg ville ikkje at dei kinesiske kundane skulle sjå at isbjørnane var frå Canada, fortel Sørensen.
Umeldt tilsyn mot Kjetil Sørensen AS i 2022
- 11. februar 2022 gjennomførte Miljødirektoratet, i samarbeid med Tolletaten og politiet, eit uvarsla tilsyn mot butikken og lageret til Kjetil Sørensen AS på Bryggen i Bergen.
- I butikken og eit hamnelager fann inspektørane 37 isbjørnskinn, 13 ulveskinn, 10 pumaskinn og 8 gaupeskinn.
- Samtlege isbjørnskinn mangla dei norske eigarsertifikata som var lovpålagde på den tida.
- 23 av 37 av isbjørnskinna mangla den kanadiske merkelappen som viser kvar dyret kjem frå.
- I praksis var det då ikkje råd å vita om dette faktisk var lovleg innført isbjørn eller ei, konkluderte Miljødirektoratet i sin rapport:
- «Miljødirektoratet ser alvorlig på at kravene i Cites-forskriften om eiersertifikat og merking ikke er fulgt. For skinn som fortsatt er i Kjetil Sørensens eie, må dere umiddelbart søke om eiersertifikat», skreiv direktoratet.
- Cites (Convention on International Trade in Endangered Species of Wild Fauna and Flora) er ein internasjonal avtale mellom land for å kontrollere handel med truga dyre- og planteartar.
- På eit hamnelager fann dei ei uopna forsending med ytterlegare 32 isbjørnskinn. Desse blei seinare returnert til Canada, då Sørensen opplyste at det var ei feilsending.
- Butikken fekk kritikk for å ikkje ha skriftlege internkontrollrutinar for å sikra at Cites-regelverket vart følgt, og for manglande kunnskap om eige regelverk.
- Suvenirbutikken på Bryggen fekk eit statleg omsetningsforbod. I sju månader blei Sørensen nekta å selja eit stort tal av isbjørnane og dei andre truga rovdyra, fordi skinna mangla lovpålagde papir og merking.
- Sørensen fekk også varsel om 100.000 kroner i tvangsmulkt, blant anna fordi han også mangla rutinar for internkontroll.
- «Vi ser alvorlig på brudd på bestemmelsene om eiersertifikat og merking. Som kommersiell aktør har dere en særlig plikt for å sørge for at blir regelverket fulgt», stod det vidare i vedtaket.
- I løpet av sommaren og hausten 2022 klarte Sørensen å skaffa ny dokumentasjon, og bedrifta fekk utarbeidd skriftlege internkontrollrutinar.
- Fordi Sørensen klarte å lukka avvika (skaffa eigarsertifikat for skinna og sende inn dokumentasjon på internkontroll) innan dei nye fristane, vart tvangsmulkta på 100.000 kroner droppa.
- Den 11. oktober 2022 blei omsetningsforbodet offisielt oppheva av Miljødirektoratet, og Sørensen kunne gjenoppta salet.
- I 2024 vart for øvrig det særnorske kravet om eigne eigarsertifikat og fysiske metallplomber for innanlands besittelse oppheva. Dermed fall regelverket som førte til salsnekt og tvangsmulkt heilt bort.
– Me må berre tru på Canada
At ein norsk aktør klipper av opphavsmerka er fullt lovleg.
Samtidig illustrerer det eit paradoks i den norske handteringa av isbjørn:
For sjølv om den uavhengige vitskapskomiteen (VKM) er kritisk til at den internasjonale handelen held fram, blir det ikkje stilt krav om fysisk sporing etter at skinna har kryssa grensa.
Seniorrådgivar Dag Vongraven ved Norsk Polarinstitutt er ein av verdas fremste isbjørnekspertar.
Han meiner Noreg bør stansa importen av isbjørnskinn fram til eit betre kontrollsystem er på plass.
– Systemet er basert på at Canada sjølv seier at skinnet er lovleg. Då kan ikkje Noreg seia noko anna utan å leggja seg bort i deira indre saker, seier Vongraven.
Han peikar på at Noreg i praksis er låst av internasjonale avtalar, noko som gjer isbjørnhandelen til eit spørsmål om utanrikspolitikk.
Sjølv ville han ikkje stolt på at eit skinn i butikken faktisk stammar frå berekraftig jakt, så lenge det ikkje finst synlege teikn på at den originale merkinga er urørt.
– Ein kjøpar i Noreg har uansett ingen moglegheit til å spora kvar skinnet kom frå. Me må berre tru på Canada, poengterer han.
Miljødirektoratet legg seg heller ikkje borti denne type villeiing.
– Dersom ein seljar ønsker å gi inntrykk av at eit eksemplar stammar frå eit anna land til sine kundar, er ikkje dette noko me regulerer, svarar seksjonsleiar Inger Mari Eggen i Miljødirektoratet og legg til:
– I utgangspunktet er det ikkje mogleg å vera 100 prosent sikker på nøyaktig kva eksemplar som skal seljast vidare.
– Har ikkje nokre kjensler for det lenger
Omgitt av pels og utstoppa rovdyrhovud er ikkje Kjetil Sørensen spesielt prega av dokumentar-skuldingar.
Etter over 30 år i ein omstridd bransje, kjenner 65-åringen ikkje på noko moralsk dilemma ved å tena gode pengar på ein sårbar dyreart.
– Eg har jobba med dette i så mange år at eg ikkje har nokre kjensler for det lenger. Så lenge det er lovleg, og eg har papir på det.
Han har ikkje importert fleire skinn sidan 2022, og har ikkje hastverk med å selja ut lageret han har no.
Med tanke på at presset for å stansa den internasjonale handelen aukar, har Sørensen eit pragmatisk syn på framtida til varelageret sitt.
– Den dagen det blir totalt eksportforbod, så doblar prisen seg på dei skinna eg allereie har. Eg har ikkje noko hastverk med å selja. Dette er min pensjon, slår han fast.